GOLDLOG

15 FEBRUAR

GOLDLOG FOTGJENGERFELT 2

OM KONSERTEN

Goldlog jubilerer – blir de med på feiring?


Goldlog debuterte med albumet «Snug as a Bug in a Rug» i det Herrens år 2005.

Førstealbumet var signert på superkredible KarmaKosmetix Records (Hanne Kolstoe,

Honningbarna, In the Woods), og band og utgiving blei møtt med ros av både publikum og

kritikarar. Kikka Krogh i Dagbladet trilla ein femmar. Radio lista musikken. Quart og Molde Jazz

med fleire sette Goldlog på scenen. Bandet fekk òg oppleve Europa frå scenekanten. Dette er no

20 år sidan. Jubileum! Me skal feire. «Snug as a Bug in a Rug» skal igjen få klinge, og me gler

oss!


På konsertfeiringane møter Goldlog 2005 Goldlog 2025: Første settet er debutalbumet i sin

heilskap, medan andre settet består av låtar frå dei siste utgivingane og den pågåande

produksjonen «Bright Lights».


For tida er nemleg Goldlog i studio med den sjuande utgivinga si. 100 % uavhengig og med full

kunstarisk fridom på eigen label. #livet har tatt igjen #popstjernedraumen, og Goldlog har blitt ei

kjær «hemmelegheit» for dei som til no har fått oppleve bandet. Musikken er framleis søkande,

vakker og utfordrande, og bandet framleis våryrt i samspelet. #verdtåsjekkeut

Hjarteleg velkomne!


15 FEBRUAR