JON HJØRNEVIK MED DAGFINN IVERSEN

30 AUGUST


PRIS: 300,-  eks. avgifter

jonhjørnevik
293617195_450070130461203_2628492605745133280_n

OM KONSERTEN

Sjuke dikt. Grumsete humor. Vestlandske absurditetar. Urbane skråblikk.
Vakre gitartonar. Ullen song. Og slikt.


Forfattaren, komikar og diktar Jon Hjørnevik, pluss Dagfinn Iversen og gitaren hans,
kjem dessverre til ein scene særs nær deg.


Gjer deg klar for dikt om sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi, kommunalerotikk, tronge shortsar, bussturar som endar i kloremerkjer på ryggen og mykje anna.


Så kjære deg, som kjøpte billett til Ulv Ulv denne kvelden.

Enten du likar det eller ikkje.


Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det ein del gitartonar frå Iversen å høyre på. Det er også lov å tvinga vener til å bli med på showet.


30 AUGUST


PRIS: 300,- eks. avgifter